Diverse

Tips

Print
Om mølla


Ottadalen Mølle mai 2009

Ottadalen Mølle er eit andelslag stifta i 1976. Det er i dag 163 andelseigare frå kommunene Lom, Skjåk og Vågå. Hovedkontoret saman med butikk og produksjonslokale ligg i Lom sentrum. Mølla har butikkutsalg og lager i Vågå i tillegg til ei lita mølle ved Ofossen i Skjåk der produksjonen av Skjåkmjøl og Skjåkgryn foregår. Dette er mjøl og gryn av bygg frå distriktet.

Omsetninga er stigande og var i år 2009 på 120 mill. kroner, dette fordelt på 17 årsverk.  
 
Produksjonslokala har heilt sidan starten vore under utvikling og ombygging og vi har i dag eit topp moderne kraftfôranlegg. Kraftfôrproduksjonen ligg på ca 28000 tonn årleg. Vi produserer heile Norgesfôr-konseptet på drøvtyggerfôr i tillegg til svinefôr for purke og slaktegris. Andre kraftfôrtyper som økologisk, fjørfe, hest og smågris kjøper vi inn av andre Norgesfôr-bedrifter.

Hovedsalgsområdet vårt er Nord-Gudbrandsdalen som vi handterer sjølv med unnatak av Lesja og Dovre der vi har forhandleravtale med Norfor AS på Lesja. Vi har også fått eit betydeleg salg på Vestlandet med salgspunkt via Thor Tenden AS i Stryn, Eiksenteret på Ørsta, Eiksenteret i Sogndal, Hafslo Bilsenter og Erdal Mølle.
 
 I tillegg til kraftfôrproduksjonen mottek og handterer vi alt korn i distriktet. Ottadalen er eit område med stort dyretal spesielt på drøvsida, slik at grovfôrproduksjonen er stor og kornproduksjonen heller liten. Vi mottek årleg om lag 2500 tonn bygg.

I den seinare tida har vi fokusert på å bli meir totalleverandør av driftsmidler, og vi forhandler både tilskotsfôr, handelsgjødsel, såvarer, ensileringsmidler, plantevern, kalk og hygienemidler og har etter kvart utvikla eit nokså breidt spekter av butikkvarer sikta spesielt mot landbruk og hagebruk.

Velkomen til Norgesfôr Ottadalen - bondens trygge valg!


Styret ved Ottadalen Mølle 2010:
Frå venstre: Gudbrand Skjaak, Anders Svare (styreformann),
Harald Sve Bjørndal, Håkon Øverli og Rolv Vaagaasar