Satsing på Tiroler Grauvieh i Skjåk

På garden Rudsar i Skjåk held Mona Bøhle og Arild Fallingen til. Begge er interessert i gardsdrift og legg mykje arbeid i at dyra skal ha det godt. Mona og Arild bruker Tiroler Grauvieh som ammekyr og er svært tilfredse med den rasa.

Av Siv Andersbakken, kraftfôrkonsulent Norgesfôr Ottadalen

Etter fleire år med ombygging har dei endeleg fått eit driftsopplegg til ammekyrne som fungerar bra. Nyfjoset  vart teke i bruk 1. november. Der kan dei dele dyra opp i grupper, og det er enkelt fange alle dyra i fanghekken.  Kalvane får eige trekkfritt kalvegøyme der dei får ligge i fred og tilgang på kraftfôr. Ammekufjoset har plass til 50 ammekyr. I tillegg har dei eigne avdelingar  for mjølkekyr og sau.

Mona og Arild har kjempa lenge for at Tiroler Grauvieh skal bli godkjent som ammekyr i tilskotssamanheng, men det er tungt å komme gjennom. I vinter gjekk det så langt at dei søkte om geitkvote, men meir ombygging  frista likevel ikkje. Dei takka nei til avtala om å konvertere kukvota til geitkvote. Så må kampen for å få godkjent Tiroler Grauvieh som ammeku fortsette. Fullt tilskot på ammekyr har veldig mykje å si for økonomien i husdyrhaldet.

Kyrne bær preg av godt stell. Blanke og runde kyr som vil prate med oss. Her blir alle kyr klippa og lusbehandla. Det blir brukt minst like lang tid på ammekyrne som på mjølkekyrne. Håpet er at det skal bli så god økonomi at dei kan klare å fortsette å bruke like lang tid på dyra. Godt dyrestell tek tid.

Kyrne kalvar i februar/mars og da er det ei hektisk tid. Kyrne blir sendt på fjellbeite i juni. Da reiser heile gjengen til Finndalen. Mona og Arild mjølkar kyrne på setra om sommaren. Ammekyrne går fritt på fjellet. Dei har prøvd å ha kastratar med på fjellbeite, men dyra har vore urolige, så tilveksten har vore låg. Dei vel derfor å slakte oksekalvane eller selt dei til liv. Kalvane i Finndalen har vakse bra. God kalvestart er viktig for å oppnå god tilvekst utover sommar og haust.       

Mona vil gjerne høre kva anbefalingar vi i Norgesfôr har når det gjeld kraftfôr til kalv som går med mora. Vi har da fylgjande kommentar:

Når det gjeld driftsopplegget til Mona og Arild så har vi god tru på det. Muligheit for å gruppere dyr, kalvegøyme og fanghekk gir gode sjansar til rett fôring av dyr og godt avlsarbeid.

Kalven er født einmaga og skal utvikle seg til å bli drøvtyggjar. For god utvikling av fordøyingssystemet er det viktig at kalven får både kraftfôr og grovfôr frå den er 1-2 veker. Kor store mengder kraftfôr som skal gjevast er avhengig av ynskt tilvekst, grovfôrmengde og grovfôrkvalitet. Er det fleire kalvar per mor, så er det også større behov for meir kraftfôr til kalvane. Dette vil og variere med mjølkemengda til mora. DRØV Gromkalv er det beste kraftfôret til unge drøvtyggjarar, men det mest viktige er at dei får i seg litt kraftfôr. Ein annan faktor som er viktig for å få livskraftige og friske kalvar er fôringa av mora, særleg siste del av drektigheit og i råmjølkperioda. Viktige mineralar og vitamin blir overført til fosteret under drektighetstida og etter fødsel gjennom råmjølka. Selen og E-vitamin er eksempel på mineral og vitamin som er livsviktige for unge drøvtyggjarar. Konservert grovfôr dekker vanlegvis ikkje behovet til ammekyr. Bruk derfor mineraltilskot heile året. I tillegg skal drøvtyggjarar alltid ha tilgang på salt for å regulere væskebalanse. Siste månad før kalving bør kua få 1 kg kraftfôr. Etter kalving er kraftfôrbehovet på innefôring 1-3 kg avhengig av grovfôrmengde og kvalitet, tal kalvar, ynskt tilvekst og alder på mora. Etter mjølkeperioda er det ikkje nødvendig med kraftfôr så lenge ikkje det er grovfôrmangel eller halm som einaste grovfôr. Vi anbefaler DRØV Middelslått til ammeku på beite eller med vanleg grovfôr. Er det mykje halm i rasjonen anbefaler vi å bruke DRØV Seinslått.

Eit mål å strekke seg mot er ein viktig motivasjon for mange. Eit slikt mål i kjøttfeproduksjon er mange gonger god tilvekst. For å ha god kontroll med tilvekst så anbefaler vi tilvekstmålingar undervegs i livsløpet til kalven. Da kan det etter kvart bli avdekt kva for ei periode tilveksten ikkje er god nok eller du ser konkret at du lykkast i ulike periodar. Er det periodar du ikkje lykkast i så er det viktig med gode tiltak i den aktuelle perioda. Ta gjerne kontakt med oss for spørsmål om fôring.

Norsk Tiroler Grauvieh Forening >>> 

Publisert av Wenche Tetoka, 18.06.2012