ØKONOMI I KALKING
Kalken skal ha samme plass i driftsplanen som gjødsel og andre innsatsfaktorar. Kalk er eit ganske rimeleg driftsmiddel som gir langsiktig avkastning.
Mangel på kalk gir ei snikande forsuring av jorda som fører til tap av produksjonsevne. Gode rutinar i jordprøvetakinga sikrar at vi kalkar optimalt, og det hindrar også næringsstoffbrist ved overkalking. Landbruksforskinga har vist at valet ikkje står mellom gjødsel og kalk, men at desse innsatsfaktorane supplerer kvarandre til maksimal næringsstoffutnytting og god driftsøkonomi.
KALKING TIL ULIKE VEKSTAR
Ulike kulturvekstar har ulike krav til pH i jorda.
For mineraljord har vi følgande optimalområde:
Fôrbetar: pH 6,5-7,3
Kålvekstar: pH 6,5-7,0
Raudkløver: pH 6,2-7,0
Kveite og bygg: pH 6,0-6,5
Havre: pH 5,8-6,3
Timotei og engsvingel: pH 5,8-6,5
Poteter: pH 5,5-6,0
For moldrik og organisk jord seinkar vi pH-målet med 0,5 einingar.
Forskinga har vist at når andre driftsvilkår er optimale, vil også kalkinga gi større avling. For kornslaga gir god tilgang på vatn i vekstsesongen
(nedbør eller vatningsanlegg) positivt utslag for høgare pH. For poteter gir pH 6,0-6,5 betre avlingar og mindre skurv dersom vasstilgangen er god ved knollsetting, fordi vatn gir reduserande miljø, som igjen betrar tilgangen på mangan som hemmar skurv.
KALKMENGDER
Her skil vi mellom grunnkalking og vedlikehaldskalking.
Grunnkalking skal bringe oss opp i eit ønska nivå.
Tab. 1. Kalktrong i kg CaO-ekv./daa for å heve pH med 1 eining i mineraljord med stigande bufferevne (leire og masse-% org. materiale)
| Jordart |
Moldfattig
0-3% OM |
Moldhaldig
3-6% OM |
Moldrik
6-20% OM |
Mineralblanda moldjord 0-3% OM
|
| Sand, silt |
100 |
200 |
300 |
450-600 |
| Lettleire |
200 |
300 |
400 |
550-650 |
| Mellomleire |
300 |
400 |
500 |
600-700 |
| Stiv Leire |
300 |
500 |
600 |
650-750 |
For organisk jord må vi vurdere totalkalkinnhaldet ved å analysere Ca-AL og Mg-AL,
og rekne ut massen ned til 20 cm djup
(200.000 dm3 jord/daa). Ca-AL-ekv. = Ca-AL + (Mg-AL * 1,65)
Tab. 2. Kalktrong i organisk jord (>20 masse-% OM), avhengig av
pH og omdanningsgrad
I. pH<5,5 Kalktrong
II. pH>5,5
II.A. Lite omdanna myr (<von Post H5)
<180 kg Ca-AL-ekv./daa Stor kalktrong
180-280 kg Ca-AL-ekv./daa Middels kalktrong
>280 kg Ca-AL-ekv./daa Til vanleg liten kalktrong
II.B. Godt omdanna myr (≥von Post H5)
<260 kg Ca-AL-ekv./daa Stor kalktrong
260-420 kg Ca-AL-ekv./daa Middels kalktrong på nydyrka,
større på eldre kulturjord
>420 kg Ca-AL-ekv./daa Til vanleg liten kalktrong
Vedlikehaldskalking skal sikre at vi kan halde på oppnådd kalktilstand, motverke forsuringsprosessar som skuldast ammoniumhaldig mineralgjødsel,
sur nedbør, naturleg forsurande omdanning i jord og utvasking av basekation i eit klima med nedbørsoverskot, og bortføring med avling.
Det trengst 20-50 kg CaO-ekv./daa/år. Minste mengder gjeld for korndyrkingsområde med små nedbørsmengder og moderat Ngjødsling, største for kystområde med 3 grasavlingar og sterk gjødsling. Tilfør gjerne Mg-rike kalkingsmiddel som dolomitt, spesielt på eng og beite der nettopp trongen er stor.
Denne kalkinga kan verte gitt som eit forråd kvart 3.-5. år.
KALKINGSMÅTE
Ved grunnkalking i åker kan ein tilføre store mengder på éin gong, om nødvendig inntil 1 tonn CaO-ekv./daa. Ein kombinerer dette med god innblanding i plogsjiktet (harving). Men på eng og beite må vi gå forsiktig fram. For å unngå overkalking i toppsjiktet skal ein heller tilføre kalk ofte, i små mengder kvar gong.
Vi tilrår maksimalt 150 kg CaO-ekv./daa, og så kjem ein tilbake med samme dose etter 2-3 år. Kalkfronten går berre 1-2 cm nedover I jorda kvart år.
RETT OG PRESIS KALKING
Dersom jorda er svært sur, risikerer vi direkte forgifting av plantar og planterøter av aluminium og til dels jern og mangan. Med pH rundt 6,5 på ei mineraljord har vi optimale forhold for omdanning av organisk materiale og mineralisering av nitrogen og fosfor. Den sterke fosforbindinga til aluminium og jern vert også redusert, og Ca-bindinga er gunstigare for plantetilgjenge. God kalking gir jamn dekking av kulturvekstane og motverkar problemugras i både åker og eng.
Men stig pH over 7,0, vil vi etter kvart få alvorlege mikronæringsstoffproblem, og det gjeld bor, koppar, mangan, jern og sink. Vér derfor nøye med fordeling av kalken. Jordanalysar og bonden sin lokalkunnskap om jordstykka er avgjerande. I sentrale område av landet kan dette kombinerast med GPS-spreiing av kalk.
KALKPRODUKT OG KALKVERDI
Kalksortimentet i ulike delar av landet er så forskjellig, frå mjølvarer til grove kalkprodukt, frå Mg-rike dolomittar og andre Mg-rike mineral til kalkstein og skjellsand. Val av kalk er også knytt til sjanse for entreprenørspreiing, til at ein må spreie sjølv. Leverandørane er pliktige til å legge fram varedeklarasjon, så spør
etter denne. Den viktigaste parameteren er kalkverdi over 1 år/5 år, og denne skal vere autorisert av Mattilsynet.
Økonomisk nøkkeldata er kalkpris ferdig spreidd dividert med kalkverdi – under elles like krav til kalken. Kalkverdi 5 år er aktuelt for bønder i stø driftssituasjon (vedlikehald).
SMÅTIPS TIL KALKINGA
• Skal du spreie kalk sjølv med liten gjødselspreiar, kan du velje kornete grovkalk eller grovdolomitt. Pendelspreiar er lettare å bruke enn sentrifugalspreiar. Ved oppfylling set du eit plastrøyr i midten over spreieorganet, og let dette stå i fram til den staden du skal starte spreiinga. Når du så drar røyret ut, får du ei opning over spreieorganet og kan få kalken til å gli nedi.
• Prøv å kjøpe inn kalk i bulk (gjerne minimum 10 tonn), og pakk han inn med presenning både over og under for å halde han tørr. Det er mykje pengar å spare, for sekkeemballasjen kan vere unødvendig.
• Kalking om våren er ofte unødvendig stress. Legg gjerne kalkinga til tider på året med betre tid, og når du ser jorda har bereevne: etter førsteslått, i fine haustperiodar, flotte vinterdagar. Kalken verkar i jorda heile tida, og renn ikkje vekk og forureinar som gjødsel.
• Er det ikkje entreprenørspreiar i ditt distrikt, gå gjerne saman med andre bønder i ein maskinring om ei kalkspreiingsvogn, og denne tar også fuktig kalk og skjellsand.

Riktig kalking gir god avling!
Norgesfôr hjelper deg med Kalk.
Ta kontakt med oss i dag for nærmere informasjon.