Naturleg vitamin E til smågris og slaktegris
Alle våre kraftfôrblandingar til smågris vil frå hausten (ca august) innehalde naturleg vitamin E. Unge dyr har dårleg opptak av syntetisk vitamin E, som er den typa som er mest brukt i kraftfôr i dag. For å sikre eit betre opptak tilset vi nå naturleg vitamin E i alle blandingar til dei yngste grisane. Tilsetjing av naturleg vitamin E vil vere positivt for å sikre tilstrekkeleg opptak, og forebyggje bein- og muskelproblem relatert til vitamin E-mangel.
Alle våre kraftfôrblandingar til purker er nå tilsett levande gjær
Tilsetjing av levande gjær i purkefôret vil balansere den positive bakteriefloraen i tarmen, og gjev auka fôrutnytting, høgare spekkmål, redusert tap av kroppsreserve i dieperioda, betre brunst og lågare omløp. Levande gjær i dieperioda er også positivt for smågrisen, og vi ser auka tilvekst etter avvenning.
Oppgraderte fôrblandinger og fôrnormer
Genetikken i dag har eit meget godt potensiale for høg tilvekst på lite fôr. Krava til fôrsamansetjing vert da ytterlegare skjerpa for å halde ved lag balansen mellom høg produksjon, god helse og dyrevelferd. Alle våre blandingar til gris er nå oppdaterte basert på siste forsking og utvikling, og vi aukar derfor både energi og protein i fleire av våre blandingar.
Vi har laga nye brosjyrer med oppdaterte fôrnormer til alle dyregrupper. Brosjyrane inneheld i tillegg praktiske fôringstips.
Norgesfor_brosjyre_slaktegris_2021 web.pdf
Norgesfor_brosjyre_smågris A5 2021 web.pdf