Årsmøte i Ottadalen Mølle SA var måndag 28.mars kl. 12.00 på Fossberg
Det var denne gongen lagt opp til dagmøte.
Det møtte 14 stk.
Ingen merknad til innkalling og sakliste.
Mølla hadde ei omsetning på 214 mill. som er ei auke på 5,3 mill frå førre år.
Driftsresultatet vart på 6,75 mill.
Det vart attval på heile styret.
Styreleiar : Sigurd Sveen
Øyvind Bakken
Pål Håkenstad
Rolv Rusten
Morten Sygard.
Vara : 1. Liv Oddrun Maurstad
2. Kjetil Stade
3. Vegard Haugen
Etter 3 år i valkomiteen gjekk Gudbrand Skjaak ut. Ny medlem vart Lars Olav Lund.