Perioda rundt kalving er ei kritisk tid for kua der den gjennomgår store metabolske og fysiologiske endringar.
I tillegg til påkjenninga med stress i forbindelse med kalving, auker energibehovet raskt.
For å få nok energi må rasjonen endrast frå å vere fiberrik og grovfôrbasert til å innehalde store mengdar raskt nedbrytbare karbohydrat frå kraftfôr.