Det kan ofte vere svært utfordrande å få tørka høy og halm lagringstørt. Høy og halm som ikkje er lagringstørt eller har fuktige parti er svært utsatt for mugg. For å unngå mugg anbefaler vi best mugleg pressing og pakking samt tilsetjing av eit konserveringsmiddel.
GrasAAT® FEED er svært godt egna til høy og halm. GrasAAT® FEED inneheld mykje propionsyre og flytande salt som saman har svært god effekt mot mugg. GrasAAT® FEED er best egna til høy og halm, men GrasAAT® TMR kan òg brukast.
Dersom du heller ynskjer å bruke eit flytande salt-produkt er KOFASIL® STABIL eit godt alternativ for å forhindre mugg. Dei same salt-typane som er i KOFASIL® STABIL vert òg brukt som konserveringsmiddel i svært mange matvarer.

KOFA® / KOFASIL® LP eller ULTRA må IKKJE brukast i høy eller halm då desse produkta kan medføre for høgt nitrat-innhald i fôr som har høgare tørrstoff-innhald enn ca. 65 %.

GrasAAT® FEED og KOFASIL® STABIL leverast i 1.000 liter IBC.
Forebyggje mugg i heilsæd og grønfôr
Ved ensilering av heilsæd eller grønfôr er det ofte vanskeleg å få ut all lufta frå plantematerialet. For å unngå mugg anbefaler vi best mugleg pressing og pakking samt tilsetjing av eit ensileringsmiddel. Vi anbefaler å tilsetje GrasAAT® Plus eller KOFA® / KOFASIL® ULTRA som både gjev betre gjæringskvalitet og har svært god effekt mot mugg.

GrasAAT® Plus og KOFA® / KOFASIL® ULTRA leverast i 1.000 liter IBC, 200 liter fat og 25 liter kanner.