Mølla overrekte i dag ei gåve til ambulansetenesta i Ottadalen. Lucas er ei maskin som blir festa til pasienter som har hjertestans og som komprimerer brystet til pasienten automatisk. Dette gjer at helsepersonell får ledige hender til andre ting. Lucas gjer for eksempel at kompresjon også kan foregå under transport i ambulanse, ellers måtte ambulansa stoppe når kompresjon skulle gjerast.
Lucas er dessverre ikkje standard utstyr i norske ambulanser, den finst ved sjukehus og i luftambulansen.
«Dette er ei eneståande gåve, og vi er veldig takknemlege og heldige som får ei slik maskin«, seier ambulansearbeider Geir Morten Bøje, assisterande seksjonsleiar Brage Engdal og seksjonsleiar Jon Gunnar Rust ved ambulansetenesta i Ottadalen. Dei tok i mot gåva, og lova at dei nå skulle trene med maskina så alle var klare for å ta den i bruk. Dei nevnte fleire hendingar Lucas kunne kome til hjelp, for eksempel ved snøskred der maskina lett kan tas med til det aktuelle området.
Forslaget til gåva kom frå tidlegare dagleg leiar ved mølla, Ståle Bøje. Sigurd Sveen, styreleiar ved Ottadalen Mølle SA, sa ved overrekkinga at det var eit enkelt styrevedtak å løyve penger til dette og at dette er ei gåve som kan kome både lokale og tilreisande til gode. Denne versjonen av Lucas er sjølvsagt den nyaste som finst og er den største enkeltgåva mølla har gjeve nokon gong, verdien på ei slik maskin med alt tilleggsutstyr er ca 160.000 kroner. .
Lucas skal stasjonerast på ambulansebasa i Lom og blir med ambulansene ut ved behov.
Vi håper det blir minst mogleg bruk for Lucas, men samtidig er det godt å tenkje at liv kanskje kan reddast med denne gåva.
Styreleiar Sigurd Sveen overrekker Lucas til ambulansearbeider Geir Morten Bøje. Bak til venstre står møllas daglege leiar Nils Fosstuen og tidlegare dagleg leiar Ståle Bøje (foto: Tor Arne Sandviken)
Frå venstre asissterande seksjonsleiar ved ambulansetenesta i Ottadalen Brage Engdal, ambulansearbeider Geir Morten Bøje og seksjonsleiar Jon Gunnar Rust (foto: Tor Arne Sandviken)
Lucas er kompakt og lett å ta med seg (foto: Tor Arne Sandviken)