Perioda rundt kalving er ei kritisk tid for kua der ho gjennomgår store metabolske og fysiologiske endringar.
I tillegg til påkjenninga med stress i forbindelse med kalving, auker energibehovet raskt.
For å få nok energi må rasjonen endrast frå å vere fiberrik og grovfôrbasert til å innehalde store mengder raskt nedbrytbare karbohydratar frå kraftfôr.
Denne overgangen er krevjande, og faren for negative effektar på vomma og vommiljøet er stor.
Sjølv om kua ikkje framstår som sjuk kan ho ha subkliniske utfordringar som reduserer fôrutnytting og yting og som gjer kua meir utsett for annan sjukdom. Ved å gje levande gjær frå tre veker før kalving hjelper vi kua med å komme seg lettare gjennom denne krevjande fasa. Ny forskning frå Danmark viser høgare yting i kommande laktasjon blant kyr som får levande gjær både før og etter kalving kontra kyr som kun får levande gjær etter kalving (figur 1).
Bedrer forholda i vomma
Levande gjær fremjer fibernedbrytande mikrober i vomma før kalving og medvirker til å halde mikrobepopulasjonen stabil når kraftfôrmengdane aukar etter kalving. Det er fleire virkningsmekanismar som bidreg til dei positive effektane.
Levande gjær sørgjer for ein meir stabil pH og dermed betre vommiljø. Gjæren forbruker oksygen som dei fibernedbrytande bakteriene er svært følsomme for, noko som òg betrar forholda i vomma.
Optimaliserer forholda
Ein ytterlegare effekt av levande gjær er at den optimaliserer forholda for ei sopptype som bidreg til at fiber som er «gjemt» inni ufordøyeleg lignin i grovfôret blir meir tilgjengeleg for dei fibernedbrytende bakteriane. Alle desse faktorane gjer at vomma fungerer betre og grovfôret utnyttast meir effektivt.
Resultatet er fornøgde kyr, auka fôropptak, høgare yting, redusert holdtap og ei meir robust vom som har større motstandsdyktigheit mot betennelsesreaksjonar i vomveggen. Eit forsøk gjennomført i Spania viste at kyr som fikk levande gjær frå tre veker før kalving hadde lenger liggjetid enn kyr som ikkje fekk levande gjær før kalving.
Dette er eit tegn på betre vomfunksjon og er i andre forsøk vist å vere positivt for kyrnes fruktbarheit og holdbarheit.
Bruk kraftfôr med tilsett levande gjær
Den enkleste måten å tildele levande gjær er ved å bruke kraftfôr der dette er tilsett. Med tildeling utelukkande via kraftfôret vil kyrne fyrst oppnå anbefalt dagleg dose når kraftfôrmengdane er oppe i 10 kg per dyr og dag.
I tillegg tek det omkring ein månad før gjæren har etablert seg i vomma og ein oppnår full effekt. Det vil si at kyrne har relativt liten effekt av levande gjær i den mest krevjande fasa. Difor har vi òg tilskotsfôret Attåt Levande Gjær i vårt sortiment.
Attåt Levande Gjær
Attåt Levande Gjær er beregna til dyr som ikkje får kraftfôr med levande gjær eller som får for lite kraftfôr til at det dekkjer den anbefalte daglege dosa (f.eks. sinkyr). For å sikre optimal effekt av levande gjær i tida rundt og like etter kalving er det viktig å starte tildelinga i god tid (ca. tre veker) før forventa kalving slik at gjæren får etablert seg med ein stabil kultur i vomma.
Nedafor har vi rekna på potensiell gevinst ved å bruke levande gjær på eit bruk med 40 mjølkekyr dersom ytinga aukar med 1 kg mjølk per ku per dag (tabell 1). Det er antatt at grovfôropptaket auker med 0,4 kg per ekstra liter mjølk. I eksempelet er det kun teke hensyn til ei auking i yting og ikkje eventuelle positive effektar på helse og fruktbarheit.
Gje kua ein god start med Attåt Levande Gjær du òg!