Fryktar du grovfôrmangel i tida som kjem? Da kan vi hjelpe deg med gode løysingar for å utnytte grovfôret du har på best mogleg måte. Det er viktig å komme raskt i gang med å tilpasse grovfôrforbruket slik at det disponerast rett gjennom sesongen.
Gode råd og tiltak:
- Utnytt beitet best mogleg
- Sikre avtale om halm/frøhøy før tresking
- Få oversikt over grovfôrlageret ditt tidlig (mengde og kvalitet)
- Analyser grovfôret og lag fôrregnskap fram til neste sesong
- Oppretthald produksjonen så langt det er mogleg
- Prioriter det beste grovfôret/surfôret til dyregruppene som treng det mest
- Sikre tilveksten på kalv, kviger og okser
- Halmfôring – pass på at behovet for protein, energi, vitaminer og mineraler vert dekka
- Lite struktur i rasjonen – suppler med fiberrikt kraftfôr og/eller halm
- Restriktiv fôring med grovfôr krev eteplass til alle
- Hugs å fordele både kraftfôr og surfôr jevnt utover døgnet
- Ekstra viktig å følgje opp atferd (uroligheit) og avføring hos dyra ved grovfôrmangel
Vi har ulike kraftfôrblandinger som kan fôrast i større mengder for å drøye grovfôret. Alle våre kraftfôrblandinger som er tilpassa situasjonar med lite grovfôr inneheld mykje fordøyeleg fiber, bufferstoff og råvarer som fremjer eit godt vommiljø på høge kraftfôrmengder.
Følgjande blandinger kan vere ei god løysing i situasjonar med lite grovfôr:
Ta kontakt med oss så hjelp vi deg gjerne med gode råd om kraftfôrvalg og fôring.
Vi er behjelpelege med uttak av grovfôrprøver, tolking av analysesvar og fôrplanleggjing.
Vi kan òg bistå med å beregne fôrlageret ditt.