Ved ei tilstelning på Fossberg i Lom fredag kveld fekk fire av dei tilsette ved Ottadalen Mølle heder for lang teneste ved mølla.
Svein Myrum og Tor Arne Sandviken vart overrekt gullklokke for 25 års teneste medan Roar Øygarden og Daniel Tela fekk reisegåvekort for 20 års teneste.
Svein har heile tida arbeidd i kraftfôrproduksjonen. Tor Arne har arbeidd i kraftfôrproduksjonen og i butikken i Lom, no er han ansvarleg for marknadsføring for mølla. Roar er butikkansvarleg i Vågå medan Daniel er møllas «altmuligmann» med særleg ansvar for reinhald i produksjonslokala i Lom.
Styreformann Sigurd Sveen og dagleg leiar Nils Fosstuen takka dei fire som òg fekk diplom og ein flott blomeoppsats.


