KSL er næringas eige verktøy for internkontroll og kvalitetssikring.
Gjennom KSL kan du enkelt sjekke at drifta er i tråd med norske lovar, forskrifter og krav frå næringa.
Følges KSL kan råvarene sendast vidare med tryggheit frå deg via din varemottakar, industri, daglegvare og heilt fram til forbrukaren.
Kraftfôr- og mølleindustrien stiller krav om ein dokumentert produksjon frå sine leverandørar. I tillegg til varekvalitetseigenskapar, vektleggjast det at produksjonen foregår miljøvennleg og at element knytta til helse, miljø og sikkerheit er ivareteke.
Brannsikkerheit på garden under tørking av korn og sikring av gode hygieniske forhold under lagring av korn er viktige delar av eit kvalitetssystem for kornproduksjon. Kornbransjen er avhengig av friske produsentar med helsa i behold. Alt dette er element som er ivareteke av KSL-standarden og gjev kornprodusenten ei enkel hugseliste for kva som skal følgjast opp gjennom kornsesongen.
Viktig med Gyldig KSL
Ved levering må du som produsent kunne dokumentere at du har status med Gyldig KSL. For å ha Gyldig KSL må du gjera din årlege eigenrevisjon, lukke avvik etter dei fristar som er sett og ta imot KSL-revisoren når det er tid for eksternrevisjon.
Utan Gyldig KSL krev varemottakar at du vert pålagt ei revisjonsoppfølging. Kostnadane er på kr 4500,- + mva, og dette må du dekkje sjølv.
Dersom du allikevel leverer korn utan gyldig KSL får du eit pristrekk på 10 øre pr kg korn og matkorn blir i tillegg til 10 øre i trekk pr kg prisa og sortert som fôrkorn ved mottak.
KSL + Nyt Norge
KSL ivaretek myndigheitane sine lovpålagte krav til internkontroll, som igjen dokumenterast videre i verdikjeda og heilt ut til forbrukar gjennom merkeordninga Nyt Norge. Nyt Norge har svært høg tillit hjå forbrukar. Heile 9 av 10 kjenner Nyt Norge og 7 av 10 har tillit til merkeordninga. Kornbransjen jobber nå aktivt med å få fleire kornprodukt merka med Nyt Norge.
Eigenrevisjon med aktuelle tiltaksplanar utførast gjennom nettsida minside.ksl.no. Innmeldt eigenrevisjon/avvikslukking vert via KSL-databasa oppdatert kvart døgn hjå mottaksanlegga.
Spørsmål om KSL-status rettast til KSL på ksl@norskmat.no eller tlf. 24 14 83 00.