Her kjem ei lita oppdatering på dei unge lokale vintersport-talenta vi sponser økonomisk. Desse er i startgropa i sine karrierer, og vi håper at vi kan vere med og hjelpe dei litt i treningskvardagen og ynskjer dei lykke til i satsinga framover.
Jo Mallaug – 18 år – Lom – langrenn
Går tredje året på Wang Toppidrett på Hamar. Ingen spesielle ambisjonar utan om å bli best mogleg.
Jo
Eirik Fjeld – 17 år – Lom – langrenn
Går andre året på Wang Toppidrett på Hamar. Det største målet er å få gå verdenscup.
Eirik
Torje Seljeset – 16 år – Hornindal – kombinert
Går første året på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Vinterens store mål er å kvalifisere seg til junior-VM i februar/mars 2022 i Zakopane i Polen.
Torje
Ola Aurmo – 17 år – Lom – langrenn
Går tredje året ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Junior-NM og norgescupen er det Ola satser på denne vinteren.
Ola
Reidar Aurmo – 20 år – Lom – langrenn
Fyrsteårs-senioren går for Lillehammer Skiklubb samtidig som han studerer ved NTNU på Gjøvik. Steget opp på seniornivå er spennende for Reidar og han håper å gjere det så godt som mulig.
Reidar klar til start på Gålåsprinten
Simon Hjelmeset Kirkeeide – 21 år – Stryn – skiskyting
Han går for Team Woodcon på Lillehammer der han òg studerer. Sesongens store mål er å kvalifisere seg til junior-VM som går i Soldier Hollow i USA i februar/mars neste år.
Simon