Har du hugsa mineral til lammesesongen? For å sikre livskraftige lam med god helse er det viktig å ha god mineraldekning allereie før lamming.
Spesielt viktig er det å dekkje behovet for E-vitamin og selen for å styrke immunforsvaret til søya i overgangsperioda, samt sikre god overføring til avkom for å gje livskraftige lam.
Vitamineral Drektig Sau inneheld E-vitamin i naturleg form og organisk bundet selen som gjev høgare biotilgjengelegheit og overførast lettare til mjølk enn andre former for E-vitamin og selen.
Jordsmonnet i Norge er fattig på selen. Som følgje av dette inneheld òg grovfôret lite selen og søya er avhengig av tilskot for å få dekt behovet. Det er viktig å merkje seg at ein ikkje bør blande ulike mineralkilder da sporstoffa gjev forgiftningssymptom ved høgt inntak. Ved å gje Vitamineral Drektig Sau bør ein difor ikkje bruke bolus med selen i tillegg.
I den siste tida før lamming er behovet for E-vitamin spesielt høgt. Etter ei feltstudie gjennomført av Universitetet for Miljø og Biovitenskap i 2012 vart det anbefalt eit dagleg inntak av E-Vitamin dei siste 7 vekene før lamming på 470 IE. Andelen E-vitamin i grovfôret er veldig varierande og vil vere vanskeleg å leggje til grunn i vurderinga av opptaket. I 300 g Drøv Sau Mjølkefôr ligg nivået på 100 IE. Det betyr at det må tildelast ekstra E-vitamin for å dekkje det anbefalte behovet.
Her er Vitamineral Drektig Sau i ei eiga klasse med sitt høge E-vitamininnhald. For å sikre at behova dekkjes bør Vitamineral Drektig Sau gjevast frå 8 veker før lamming og gjennom heile innefôringsperioda. Anbefalt dagleg dosering er 20-40 g etter andel kraftfôr i rasjonen. Tabellen under viser ei samanlikning over korleis ulike mineralblandingar kan dekkje E-vitamin og selenbehovet i tida før lamming.
Dekningsgraden er ved fôring etter anbefalt dosering av tilskotet: