Mølla støtter kvart år mange lag og organisasjonar, anten som økonomisk sponsor, med gaver eller på andre måtar. I tillegg sponser vi nokre idrettsutøvarar, desse gjer ein god innsats både på lokalt og nasjonalt nivå.
Totalt støtter vi lag/organisasjonar og utøvarar med cirka 500 000 kr kvart år.
Dei vi støtter på nasjonalt plan er Tor Gaute Jøingsli (skyting) og Kathrine Harsem (langrenn).
Ein av dei vi sponsar er skiskyttertalentet Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Stryn. 19-åringen går for Team Woodcon og han har fleire topp 5-plasseringar i Norgescupen. I tillegg vart han nr 3 under junior-NM langrenn i Steinkjer i 2018.
At han satsar på ski er kanskje ikkje så rart, onkelen Odd-Bjørn Hjelmeset kjenner vel dei fleste til og ein annan onkel, Roar, har vore trener for kvinnelandslaget i langrenn. Med andre ord ligg det å gå fort på ski i blodet hjå Simon. Han bur og studerar på Lillehammer der Team Woodcon har si base.
Andre utøvarar vi sponser er langrennsbrødrene Ola og Reidar Aurmo frå Lom og terrengsyklisten Tormod Weydahl frå Vågå.
Vi ynskjer alle lykke til med satsinga i framtida og vil fortsatt vere ein bidragsytar til lokale lag og organisasjonar framover.
Simon
Kathrine held eit lite foredrag for mølla
Tor Gaute rett etter han vart skytterkonge i 2018
Ola
Reidar i sporet
Tormod