Den 1. august kjøpte Norgesfôr AS og Svenska Foder AB kvar sin tredjedel av 3B Agro. Den siste tredjedelen vert fortsatt eigd av gründeren av 3B Agro AS, Dan Robin Bredesen. Den nye eigarstrukturen vil bidra med positive synergiar og eit enda betre tilbud til den norske bonden.
3B Agro sel ensileringsmidlar, tilskotsfôr, jurpleie og mjølkeutstyr til kundar i heile Norge og sel gjennom direktesalg og nettsalg. Selskapet har kontor og lager i Sande i Sunnfjord og 5 ansette. 3B Agro har hatt suksess og vekst med å være offensive og innovative og levere unike produkt til bondens drift.
– Vi startar samarbeidet i praksis på Agrisjå 2023 under felles slagord «Sammen for bondens beste»! Der håpar vi mange kjem innom for å bli kjent med oss, seier grunnleggjaren Dan Robin Bredesen. Dan Robin vil fortsetja som primus motor på salg og kundefront i selskapet i samarbeid med ny dagleg leiar Jesper Jacobsen. Jesper har landbruksutdanning med spesialisering på storfe og kornproduksjon. Han har jobba med sal i landbruket i fleire år.
-Kjøpet av 3B Agro AS er eit ledd i ein strategi for å auke omsetninga av tilskotsprodukt gjennom kjedens medlemmar, nye markedskanalar og i nye markedsområdar, seier Martin Dombestein, dagleg leiar i Norgesfôr. Samarbeidet gjer det mulig for oss å treffe enda breiare med både produkt og kompetanse i framtida.
Svenska foder AB
Svenska Foder er ein kundeorientert organisasjon kor nærheit til kunden, effektivitet og service er nøkkelord. Konsernet har 329 ansatte og ei årleg omsetning på ca. 6 milliarder svenske kroner.
Ta ein titt her: Svenskt lantbruk | Svenska Foder
På bildet ser vi det nye styret i 3B Agro AS – frå venstre:
Martin Dombestein, Jesper Jacobsen, Trude Ulven, Linda Bredesen, Dan Robin Bredesen og Carsten Clausen.