Vi er glade for å kunne ynskje Hunter Motor velkomne som nye leietakere ved sidan av Byggern i Lom sentrum.
Hunter Motor vil selja ATV, båtar, påhengsmotorar, elektriske mopedar, vinsjar frå Honda, Canadapulken etc i tillegg til hjelmar og diverse rekvisita.
Det er Arild Fallingen frå Skjåk som saman med broren Stein Kenneth står bak denne bedrifta. Dei håper å kunne opne før jul.
Vi kjem attende med meire informasjon om opningstider etc.