Torsdag 18. februar var oppussinga på butikken i Vågå ferdig og vi kunne opne att og vise fram kor fint det har vorte der. Vi har mellom anna skifta golvbelegg og sett inn ny innredning. Oppussinga har gått etter planen og Roar & co er godt nøgde med sin «nye» butikk. På grunn av koronasituasjonen vart feiringa så som så, men vi skal markere dette meir når restriksjonane er oppheva.
Ta ein tur innom og sjå!