Ved kontroll av årets korn ser vi at eigenvekta (vekta av 1 liter) er vesentleg lågare enn normalt. Med låg eigenvekt på kornet forventer vi òg ei lågare eigenvekt på kraftfôret. Dette medfører at dyra må få eit større volum kraftfôr for å få i seg like mange kilo/fôreinheitar som tidlegare, og det er difor viktig å kalibrere fôrtildelinga nå. Riktig mengde tildelt kraftfôr er viktig for å oppnå best moglege produksjonsresultat.

Vår erfaring er at eigenvekta på kraftfôret kan variere så mykje som 10-15%. Variasjonen er oftast størst mellom ulike kraftfôrslag, men med årets korn forventar vi ein betydeleg variasjon òg innan same kraftfôrslag. Vi anbefaler difor at det vert gjort ein jevnleg kontroll av vekta på 1liter kraftfôr for å sikre rett fôrtildeling.
Det er òg viktig å vere oppmerksam på at det kan vere vanskeleg å få plass til like mange tonn kraftfôr på siloen som normalt, og at det difor kan vere behov for hyppigare leveranser av kraftfôr.
Ta gjerne kontakt med oss hvis dykk har spørsmål rundt dette!