Årsmøtet i Ottadalen Mølle SA var på Fossberg i Lom torsdag 28. mars.
Av totalt 186 eigarar møtte 21 stk.
Ottadalen Mølle SA hadde rekordhøg omsetnad og resultat i 2018.
Omsetnaden vart på 193 mill, dette ga eit resultat før skatt på kr 6 mill.
Det vart for 2018 attendebetalt 1,2 mill. i bonus til våre kraftfôrkundar.
Mølla har i dag 24 tilsette.
I tillegg « sysselset» Mølla 15 stk innan transport.
Mølla eig i dag 40% av SKS transport og 48 % av Handelshuset i Lom.
Styret for 2019:
Leiar : Sigurd Sveen
Medl: Pål Håkenstad, Øyvind Bakken, Rolv Rusten og Morten Sygard.
- vara : Liv Oddrun Maurstad
- vara : Kjetil Stade
- vara : Bjørn Sverre Grjotheim.
Valgkomitè for 2019 :
Leiar : Ola Nesset
Medl. : Jorunn Kroken og Gudbrand Skjaak
Alle val var einstemmige.