Det er viktig å sjekke kraftfôrsiloane jevnleg og utføre reingjering dersom det er nødvendig. Fuktighet og heng av kraftfôr i siloen kan føre til vekst av mugg og andre uynskte organismar. Det kan gje utfordringar i produksjonen hvis dette havnar i fôret som dyra får i seg.
For å forebyggje muggdannelse anbefalar vi å tøme siloen heilt med jevne mellomrom. Forsikre deg òg om at siloen er tett for å unngå fuktigheit. Ved behov for reingjering er trykkluft eit godt alternativ til vask. Hvis vask er nødvendig er det viktig at siloen er heilt tørr før vi fyller på kraftfôr att.
I tillegg til sjekk av silo er det viktig å sikre at rørgater, spjeld og utlufting er i orden, og at det er ryddig og reint rundt innblåsingsrøret. Dette bidreg til at innblåsing av kraftfôr kan gjerast på ein god måte.
Tips for å ivareta god hygienisk kvalitet på kraftfôret:
- Det bør utførast visuell kontroll av silo og tilhøyrande rør og skruer kvar 6. veke (Forsikre deg om at det ikkje heng fôrrester på veggjane og oppunder toppen av siloen, samt at siloen er tett)
- Kraftfôrsilo skal alltid inspiserast før påfylling (spesielt viktig ved sjelden påfylling)
- Vi oppfordrar til maks. 2 mnd. lagringstid i sommermånedane
- Støvpose (dersom det brukast) skal reingjerast før kvar fylling
- Etter påfylling bør siloen brukast dagleg, slik at det er bevegelse i silo og fôrskruar (Dette bidreg til å halde silo og fôrskruar reine, vi unngår klumpar og at det set seg)
- Om mogleg bør siloen tømast minst 2 gonger i året, med påfølgjande reingjering
- Siloen bør helst fyllast heilt opp kvar 2.-3. fylling
- Det bør utførast årleg kontroll på fôrsilo (manneluke), fôrskrue og sensorer