Har du eit engasjement for landbruk?
Norgesfôr AS utvikler og optimerer kraftfôrresepter av høg kvalitet til husdyrprodusentar i heile landet. Vi er i vekst, og søkjer difor etter ein ny optimerar. Som optimerar i Norgesfôr AS vil du vere tilknytta selskapets avdeling for fôrutvikling og optimering og jobbe saman med medlemsbedriftene som produserer kraftfôr samt selskapet si innkjøpsavdeling for fôrråvarer. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer både innanfor husdyrernæring, rådgjeving, innkjøp og produksjon. Norgesfôr bruker WinOpti som optimeringsverktøy.
Er det deg vi søker etter?
Stillingens ansvarsområder:
- Optimere konkurransedyktige kraftfôrresepter og lage prognoser for råvareforbruk
- Oppdatering og vedlikehald av optimeringsprogrammet (råvareverdiar, tilganger etc.)
- Delta i arbeidet med vurdering av aktuelle nye råvarer
- Arbeide tett med fôrutviklingsteamet i utvikling og oppdatering av kraftfôrblandingar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan husdyrernæring eller relevant erfaring fra husdyrproduksjon er ein fordel, men ingen nødvendigheit
- Annan relevant utdanning og erfaring kan kome i betraktning
- God digital forståing, spesielt innan MS Office-produkta
- God kommunikasjonsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Analytisk og systematisk problemløysar
- Høg servicegrad og liker å jobbe saman med andre
- Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
- Du håndterer eit tidvis høgt aktivitetsnivå
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- Eit godt og uformelt miljø med dyktige folk innanfor mange fagfelt
- Konkurransedyktig lønn og betingelsar
- Noko reiseaktivitet må påregnast
Kontorstad: Oslo.
Arbeidsoppgavar og arbeidsstad kan justerast etter søkjers kvalifikasjonar og situasjon.
Kontaktpersonar: Utviklingssjef Inger Johanne Karlengen (957 05 462) og optimerar Jon Anders Næsset (952 17 098)
Søknadsfrist: 21. oktober 2024
Er det deg vi søker etter?
Om Norgesfôr
Norgesfôr er ei frivillig kjede beståande av 10 medlemsbedrifter. Kjedas medlemmar omset korn, kraftfôr, plantekultur, driftsmidlar og butikkvarer for til saman 2,6 milliarder kroner. Medlemsbedriftane har eit breitt og samansett team av fagpersonar innanfor alle landbruksproduksjonar. Norgesfôr AS er eit medlemseigd selskap med 10 ansatte som arbeider for at medlemsbedriftane skal få dei beste forutsetningar for konkurransedyktig drift. Hovedoppgavene er fôrutvikling, innkjøp av fôrråvarer, optimering, grossistfunksjon innan plantekultur, markedsføring og næringspolitikk. Kjedesamarbeidet støtter medlemmanes arbeid og verdiskapning i sine lokale marked.