Sidan Strand starta med alkalisk fôr i 2016 har salet av alkalisk kraftfôr vakse for kvart år som har gått.
I 2022 selde Strand over 7100 tonn Alka Storfe, noko som gjer blandinga til den største blant kraftfôrvariantane til oksar.
På mjølkesida aukar salet av Alka Mjølk for kvart år som går, men her er framleis dei godt etablerte blandingane Drøv Energirik og Drøv Fase 1 på toppen av lista.
Men kvifor har alkalisk kraftfôr vorte så populært?
Større andel norske råvarer i kraftfôret
Teorien rundt alkaliske fôrmiddel dreier seg som kjent om å kunne ta i bruk ein større andel norske råvarer i kraftfôr til drøvtyggjare.
Norsk korn i seg sjølv har ikkje tilstrekkjeleg næringsverdi, spesielt ikkje protein, til å favorisere høg tilvekst- eller mjølkeproduksjon.
I tillegg gjev høg andel korn auka tilførsel av stivelse som vidare senkjer pH i vom og lager trøbbel for nedbryting av grovfôret.
Fram til dei siste åra har difor ein god del av fôrmidlane i kraftfôret bestått av utenlandske råvarer med høgt proteininnhald og bufferevne. Etter at alkalisk kraftfôr kom for fullt, ser vi eit potensial for å redusere importen i kraftfôrindustrien.
Den alkaliske prosessen
Drøvtyggjare har ein evne til å omdanne nitrogen til fullverdige aminosyrer som seinare inngår direkte i mjølk- eller kjøttproduksjonen.
Det kan vere nitrogen frå andre kjelder enn soya. Under den alkaliske prosessen vert urea og enzymer tilsatt kornet før det lagrast under ein presenning i nokre veker.
Under lagringa vert urea omdanna til nitrogensalter med høg pH og bufferevne i vomma. Målet er å oppretthalde høg og stabil pH i vomma for å tilfredsstille mikrobiell aktivitet. Samstundes aukar prosessen kornets næringsverdi, og gjer det meir tilgjengeleg for mikrobiell nedbrytning.
Summen av dette er eit alkalisk kraftfôr med høg andel norske råvarer, optimal proteinverdi og bufferevne. Redusert bruk av soya i norsk landbruk gjev billigare fôr og meir forutsigbarheit. Soya som fôrmiddel har det siste året vore prega av turbulente prisar på grunn av uvær og tapte avlingar. Med auka andel alkalisk korn fell ein større andel av verdien i kjeda attende på dei lokale bøndene som sel kornet sitt til Strand.
Stor aktivitet rundt utprøving av alkalisk kraftfôr
Sidan oppstart med alkalisk kraftfôr på Strand har det vorte jobba kontinuerlig med å forbedre sortimentet.
Dei siste to åra har Strand samarbeida med Norges miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) om utprøving av alkalisk kraftfôr til mjølkeku i eit prosjekt kalla AlkaNor. Forsøket starta med utprøving av ulike kraftfôrvariantar i ein kunstig kuvom, før dei vart testa ut på 8 mjølkekyr. Siste ledd i prosessen er å teste ut variantane i ein større besetning.
Nå er forsøket godt inne i sluttfasa kor ein tester dette i lausdrifta på Ås gard, Senter for husdyrforsøk (SHF).
Foreløpige signal frå prosjektleder Alemayehu Kidane er at det ser positivt ut med tanke på alkalisk kraftfôr til mjølkeku.
Resultatene krev bearbeiding og vil truleg bli publisert mot slutten av året.
I tillegg til dette prosjektet har Strand fleire utprøvningar i felt kor alkalisk kraftfôr spelar hovedrolla.
Dette omfattar forsøk både på mjølkeku og kjøttfe.
Prosjekta er nyleg påbegynt og resultata her vil truleg bli publisert seinare i år.