Bygg er sjølve urkornet, og har vore dyrka i bygdene nord i Gudbrandsdalen i uminnelege tider. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineral – sunt og næringsrikt.
Forskningsresultat viser at vekstvilkåra for bygg i Nord-Gudbrandsdalen med kaldt klima og store variasjonar på dag- og nattetemperatur gjer at kornet må lagre energi i eit format som bind vatn på ein annan måte. Denne forsvarsmekanismen i kornet bidreg til at bygg frå Skjåk har naturleg høge verdiar av betaglukan (vannløseleg kostfiber). Forskningsdirektør i Matforsk Einar Risvik sier: «En gammel kornsort som bygg inneholder de største mengdene med kostfiber vi kjenner til og kan atter bli en bærebjelke i kostholdet«.
I tillegg inneheld bygg frå Skjåk ekstra mykje protein og har like stort innhald av antioksidantar som blåbær.
Skjåk har mindre nedbør enn Sahara. Bygdefolket vatnar difor jorda med vatn frå brear og fjell. Dette gjev rett mengde vatn til rett tid, og legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet.
Skjåkmjøl er sjølve byggmjølet – ekte, tradisjonsrikt og opphavleg. Prøv Skjåkmjøl neste gong du skal lage mat, som eit godt alternativ til anna mjøl.
Næringsinnhald
Byggmjøl, om lag 85% av korninnhaldet.
Næringsinnhald pr. 100 g:
Energi 1419 kj/336 kcal
Protein 12,0 g
Karbohydrat 61,0 g av dette sukkerartar 0,8 g
Feitt 1,9 g, av dette feittsyrer:
metta 0,2 g
einumetta 0,1 g
fleirumetta 0,6 g
Kostfiber 13,4 g
Natrium 0,08 g
Skjåkmjøl bør lagrast tørt og kjøleg, godt åtskild frå varer med sterk lukt.
Pose à 1 kg eller sekk à 10 kg.
(Foto: Tor Arne Sandviken)