I dag er det stabil produksjon av mjøl og gryn ved mølla. Det tekniske utstyret og lokala er oppgradert dei siste åra, men det er samtidig viktig å ta vare på både ting som vart brukt før og den gamle bygningsmassa. Alt godkjent korn vi får inn frå Skjåk blir tørka på mølla i Lom og kjørt attende til Ofossen for bruk i Skjåkmjøl og Skjåkgryn.
Anders Ringebo frå Lom er møllar nå. Her ved storsekker med Skjåkgryn klare for levering (Foto: Tor Arne Sandviken)
Tapping av 10 kgs sekker med Skjåkmjøl (Foto: Tor Arne Sandviken)
Anders på kvilerommet, ei pause med ein kaffekopp må til (Foto: Tor Arne Sandviken)