DRØV Geit Fiber
DRØV Geit Fiber er ei spesialblanding med meire fiber til geit .
DRØV Geit Fiber brukast i år med grovfôrmangel for å drøye grovfôret mest mogleg eller ved behov for meir fiber i rasjonen. Blandinga har eit høgt innhald av fiber (NDF) og eit moderat innhald av vomnedbrytbar stivelse. For å oppretthalde høg tørrstoffprosent i mjølk er blandinga høg på energi og feitt.
DRØV Geit Fiber inneheld bufferstoff og råvarer som er svært gunstige for vommiljøet. Kan fôrast i større mengder enn DRØV Geit. Har ein tilgang på halm anbefalast DRØV Geit eller DRØV Energirik Høg i staden. Inneheld organisk selen for auka selenoverføring til mjølk og større selenlager i dyret.
FEm / 100 kg | 98 |
AAT / FEm | 106 |
PBV / FEm | -10 |
Råprotein % av TS | 17 |
Norskandel % blanding | 35–50 |