
Hund
Vi fører hundefôr frå Doggy, Bozita Robur, Ownat, Provit og Vom.
DOGGY hundefôr har sidan oppstarten i 1903 gjennomgått ei løpande utvikling basert på erfaring og kunnskap om fôring, ernæring og kva som er best for hunden. Fôr for både livsnytere og aktive hundar.
Når du vel hundefôr frå Doggy, kan du vere sikker på at du får virkelig godt fôr, uansett om du leiter etter eit grunnfôr, eit fôr for eit aktivt hundeliv eller hundefôr for kjennaren.
Doggy leveres i fleire varianter tilpassa rase, alder og ikkje minst hundens aktivitet. Val av råvarer, kvalitet og innblandingar i forhold til den enkelte hunds næringsbehov tillegges stor vekt. At fôret skal ha god smak og gje hunden god fordøyelse er også viktig.
Doggy er Sveriges mest solgte hundefôr.
100% FORNØGD – SMAKSGARANTI!
Fell ikkje fôret i smak, får du ein ny variant eller pengane attende.*
*Gjeld om det er minst 75% att i originalforpakninga.
Nedanfor finn du ei oversikt over produktene vi har i vårt sortiment. Enkelte av våre butikkar har ikkje alle pakningsstørrelser. Ta kontakt med din lokale møllebutikk for nærmere informasjon.
Doggy Professional Extra Aktiv
BOZITA ROBUR er eit fyrsteklasses fôr for hund. I likheit med våre andre produkt vert dei laga med kjærleik som ein viktig ingrediens.
Oppskriftene er utvikla av ernæringsekspertar som er spesialistar i samenhengen mellom fôr og helse hjå hundar slik at du kanstole på at hunden din alltid får alt den treng, uavhengig av størrelse, alder eller aktivitetsnivå. I utvalget finn du mat til hundar i alle størrelsar/raser, aldre (kvelpar, små hundar, vaksne hundar, gamle hundar, drektige tisper, ammende tisper) og aktivitetsnivå.
OWNAT– Ein heil serie med hund og kattemat som dekkjer alt frå Premium til Hypo grainfree segmentet. Ownat er eit fôr heilt utan kunstige fargestoffer/konservering samt med høg andel animalsk innhold som vi meiner er noko av det viktigaste å sjå på i eit turrfòr til hund eller katt. Ta kontakt for å høyre kva typer vi tilbyr.
PROVIT hundefôr er produsert av Norsk Dyremat AS, eit datterselskap av Nortura SA.
Alt kjøtt i Provit er garantert 100% norske råvarer. Vi fører frysetørka vom og griseøyrer.
VOM
VOM-serien er eit norskprodusert råfôr. Råvarene som blir brukt kjem frå norske slakteri som er godkjende og kontrollerte leverandørar av kjøtt til menneskemat.
Vi har eit ufravikeleg krav om å benytte kun norske råvarer ettersom norsk bufè har lite sjukdom. Norske krav til husdyrproduksjon er svært strenge både med tanke på dyrevelferd og dyrehelse. Dette sikrar trygge sluttprodukt til deg.
Kun animalske produkt
Fôret vårt består av kun animalske produkt. VOM-serien er laga av plussprodukter, dvs dei delane av dyret som er til overs etter at filetar og kotelettar er skore ut. I Norge har velstanden komme så langt at delar av dyret som for nokre tiår attende låg på middagsbordet, ligg nå i fôrskåla. Innmat som vom, lever, lunge og nyre er spesielt næringsrikt og saman med kjøtt- og feittavskjær utgjer dette førsteklasses råvarer frå storfe, lam og gris.
Råvarene
Råvarene som benyttast i produksjonen er kylling, blanda innmat frå storfe, lam og svin, storfevom, laks, okselever og egg. Alle fullfôrblandingane og Taste-serien frå Vom og Hundemat er tilsett vitaminer og mineralar som dekkjer hundens daglege behov.
Kylling
Frå kylling kjøper vi plussprodukter som skinn, vingespiss, hals, kjøttavskjær, bein, lever, hjerte og krås. I alle våre fullfôr vil bein og brusk frå kylling vere ein naturleg og næringsrik del av fôret. Bein og brusk er ernæringsmessig svært verdifullt i eit råfôr, og bidreg som ei naturleg kjelde til eksempelvis kalsium og fosfor. Kylling er også den kjøttråvaren kor proteinet har den mest optimale sammensetninga av aminosyrer. Kylling dannar difor basis i dei fleste blandingane.
Egg
Egg er den einaste av dei animalske ingrediensane som er kokt. Innblanding av egg gjev eit svært godt bidrag til essensielle aminosyrer. Proteinet i egg tas betre opp når egget er kokt.
Laks
Laksen som benyttes er sjølvsagt frå norske oppdrettsanlegg. Vi bruker midtfileten, hode og spor. Med sitt høge innhald av omega-3 bidreg laks med dei essensielle fettsyrene DHA og EPA. Laksen inneheld også astaxanthin som er eit svært kraftig antioksidant.
Ingen av våre produkt er tilsatt smaks- eller fargestoff. Dei er ikkje varmebehandla (med unntak av egg som beskrivi ovanfor), inneheld ikkje konserveringsmidlar og er ikkje tilsett vatn.
Vi har også diverse utstyr til hund i våre butikkutsalg. Kontakt oss for meir informasjon.