
IDEAL 30
Eit konsentrert slaktegrisfôr tilpassa gris frå ca. 30 kg levandevekt.
Anbefales som startfôr i eit fasefôringsopplegg eller som einheitsfôr til slaktegris med høgt potensial.
Fôret har eit høgare innhald av vitaminer og mineral for å dekkje behovet til rasktveksande gris, og er tilsett nye vitamin- og mineralkilder med høgt opptak i tarmen for god tilvekst, beinstyrke og helse.
Som eit positivt bidrag til grisens mage- og tarmhelse er nå Ideal 30 tilsett roesnitter, forsøk i felt har vist gode resultat på både trivsel, fôreffektivitet og tilvekst.
Roesnitter har eit høgt innhald av fordøyeleg fiber som har fleire positive effektar.
Roesnittene svell godt i magen, og gjev ein god mettheitsfølelse.
Dette er spesielt viktig mot slutten av slaktegrisperioda for å sikre at grisen er mett og fornøgd når fôrkurva flater ut.
Ein mett og tilfreds slaktegris gjev roleg stemning i grisehuset.
Det at roesnittene svell og gjev eit tjuktflytande mageinnhald er òg positivt for grisens mage- og tarmhelse.
I tillegg bidreg det til å regulere hastigheita gjennom tarmen, og dermed auka opptak av næringsstoff.
Innhald av roesnitter i kraftfôret i tillegg til grovfôr og rotemateriale, kan virke forebyggjande mot halebiting.
FEn/100 kg 112
Råprotein % 17,8