IDEAL Die Ekstra Mysekombi m/levande gjær
Anbefalt til høgproduktive purker i dieperioda. Fôret har eit høgt innhald av energi og protein, og gjev høg mjølkeyting og redusert holdtap i dieperioda.
Gjev i eit våtfôringsopplegg saman med 20 % myse tilsvarande næringsstoff som IDEAL Die Ekstra m/levande gjær.
For å realisere purkas høge potensiale er blandinga tilsett nye vitamin- og mineralkilder med svært høgt opptak i tarmen.
Blandinga er tilsett levande gjær for auka fôrutnytting, høgare spekkmål, redusert tap av kroppsreserver i dieperioda, betre brunst og lågare omløp. Levande gjær i dieperioda er også positivt for smågrisen.
Saman med fiberinnholdet i fôret vil god tilgang på grovfôr sikre god mage- og tarmhelse. Fleire fôringer pr dag auker energiopptaket.
Fôrtildeling bør skje etter norm, og det er viktig å sørge for at purka får nok vatn for å maksimere mjølkeproduksjonen.
FEn/100 kg 115
Råprotein % 16,9