For 10 år siden lanserte Norgesfôr kraftfôr med levande gjær til mjølkekyr. Svært gode erfaringer er årsaken til at bruken av levande gjær har auka i omfang siden oppstarten.
Få meir ut av fôret med levande gjær
Levande gjær fører til betre utnytting av grovfôret og bidreg til at dyra kan produsere meir kjøtt og mjølk med same mengde fôr.
Dette vert bekrefta av gode tilbakemeldingar frå kunder, som ser auka yting, betre gjødselkonsistens og auka innhald av feitt og protein i mjølka.
Kvifor virker levande gjær så godt til drøvtyggere?
Levande gjær virker positivt på fleire måter:
- Tidleg utvikling av vomma ved å akselerere utviklingane av vommikrobene og betre utviklinga av vompapillene.
- Auker pH i vom og reduserer faren for sur vom ved å stimulere vekst av bakteriar som forbruker mjølkesyre, samt bidra til å redusere mengda mjølkesyreproduserande bakteriar.
- Auker nedbrytinga av fiber ved å optimalisere forholda for fibernedbrytande bakteriar i vomma. Stimulerer òg sopp som bryt ned lignin og gjer fiber i grovfôret meir tilgjengeleg for nedbryting i vom.
- Betre nedbryting av fiber gjev større produksjon av syrer i vom, som igjen virker positivt på feittprosent i mjølk.
Resultatet er betre dyrehelse, auka utnytting av grovfôret og dermed høgare tilvekst og meir mjølk ut av same mengde fôr!
I kraftfôret til mjølkekyr er levande gjær dosert slik at det daglege behovet vert dekt ved 10 kg kraftfôr. Til dyregrupper som ikkje får desse mengdene med kraftfôr og dei som vert gjeve andre blandingar anbefaler vi tilskotsfôret Attåt Levande gjær. Full effekt forventast etter ein månads bruk. Det er difor ynskjeleg å bruke levande gjær òg til sinkyr og kviger.
Her finn du meir informasjon om levande gjær til storfe og småfe: