• Hopp til hovedinnhold
  • Skip to header right navigation
  • Skip to site footer
Ottadalen Mølle

Ottadalen Mølle

Alltid der for deg

  • Finn din Norgesfôr-bedrift
    • Strand Unikorn
    • Hundseth Mølle
    • Hurum Mølle
    • Mysen Kornsilo og Mølle
    • Orkla Kornsilo og Mølne
    • Ottadalen Mølle
    • Vestfoldmøllene
    • Vinstra Bruk
    • Røv Mølle
    • Ringerikes Kornsilo
    • Til Norgesfôr
  • MENY
    • Produkter
      • Kraftfôr
      • Plantekultur
      • Butikk/Driftsmidler
    • Brosjyrer
      • Brosjyrer drøv
      • Brosjyrer fjørfe
      • Brosjyrer svin
      • Diverse brosjyrer
      • Brosjyrer Ottadalen Mølle
    • Om Ottadalen Mølle
      • Bestilling/Kontakt
      • Opningstider
      • Kontaktpersoner
      • Avdelingar
      • Generell info
      • Policy for bærekraftig forretningspraksis
      • Til Norgesfôr forhandlere
  • Min side
Du er her: Ottadalen Mølle → Vår visjon → Generell info

Generell info

Ottadalen Mølle starta som eit andelslag i 1976. I 2013 vart organisasjonsformen endra til samvirkeforetak (SA).  Det er i dag 197 medlemmar frå kommunene Lom, Skjåk og Vågå. Hovedkontoret med administrasjon, butikk, dekksalg/verksted og produksjonslokale ligg i Lom sentrum. Mølla har butikkutsalg og lager i Vågå i tillegg til ei lita mølle ved Ofossen i Skjåk der produksjonen av Skjåkmjøl og Skjåkgryn foregår. Dette er mjøl og gryn av bygg frå distriktet.

Skjåkmølla

Omsetninga er stigande og var i år 2021 på 214 millionar kroner, dette fordelt på 26 årsverk.  
 
Produksjonslokala har heilt sidan starten vore under utvikling og ombygging og vi har i dag eit topp moderne kraftfôranlegg. Kraftfôrproduksjonen ligg på ca 35000 tonn årleg. Vi produserer heile Norgesfôr-konseptet på drøvtyggerfôr i tillegg til svinefôr for purke, slaktegris og smågris. Andre kraftfôrtyper som økologisk, fjørfe og hest kjøper vi inn av andre Norgesfôr-bedrifter.

Hovedsalgsområdet vårt er Nord-Gudbrandsdalen som vi handterer sjølv med unnatak av Lesja og Dovre der vi har forhandleravtale med Norfor AS og Lesja Bulldozerlag AS. Vi har også fått eit betydeleg salg på Vestlandet med salgspunkt via Thor Tenden AS i Stryn, Eiksenteret på Ørsta og Eiksenteret i Hafslo.

Styret ved Ottadalen Mølle SA i 2022. Bak frå venstre: Pål Håkenstad, Morten Sygard og Øyvind Bakken (nestleiar). Fremst frå venstre Sigurd Sveen (styreleiar), Liv Oddrun Maurstad (1.varamann, møter fast) og Rolv Rusten.

 
I tillegg til kraftfôrproduksjonen mottek og handterer vi alt korn i distriktet. Ottadalen er eit område med stort dyretal spesielt på drøvsida, slik at grovfôrproduksjonen er stor og kornproduksjonen heller liten. Vi mottek årleg om lag 2700 tonn bygg.

I den seinare tida har vi fokusert på å bli meir totalleverandør av driftsmidler, og vi forhandler både tilskotsfôr, handelsgjødsel, såvarer, ensileringsmidler, plantevern, kalk og hygienemidler og har etter kvart utvikla eit nokså breidt spekter av butikkvarer sikta spesielt mot landbruk og hagebruk.

Vårt organisasjonsnummer er 913 980 484.

Velkomen til Norgesfôr Ottadalen – bondens trygge valg!

Mølla – ein møteplass i bygda (foto: Bård Bårdløkken)
Ottadalen Mølle

Bergomsvegen 49, 2686 Lom
61 21 18 20
post@ottadalen.norgesfor.no
Org.nr 913 980 484

Les om informasjonskapsler (cookies) og vår personvernerklæring her.

Ottadalen Mølle © 2023 · Levert av Fortell. Beskyttet av reCAPTCHA og Googles personvern og vilkår.