Alkalisk kraftfôr inneheld norsk korn behandla med urea og ulike enzym. Behandlinga vil danne om urea til ammoniumsalt, noko som vil gi ein høgare pH i vomma og bidra med ekstra protein. Drøvtyggjarar vil da kunne ha meir norsk korn i rasjonen og samstundes oppretthalde eit godt vommiljø. På denne måten ein kan ha ein høg andel av norske råvarer i kraftfôret!
ALKA Mjølk
Energirik kraftfôrblanding til mjølkeku med moderate til høge ytingar.
- Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auke feittprosenten i mjølka.
- Inneheld minst 75 % norske råvarer.
ALKA Storfe
Kraftfôr tilpassa storfe i vekst. Kan også brukast som tillegg til høgtytande kyr, i for eksempel ei grunnblanding.
- Mineralinnhald er tilpassa dyr med høg tilvekst.
- Inneheld minst 90 % norske råvarer.
ALKA Geit
Kraftfôr til mjølkegeit.
- Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auka tørrstoffinnhald i mjølka.
- Mineral og vitamininnhald tilpassa mjølkegeit.
- Inneheld minst 70 % norske råvarer.
Alka-kraftfôr må kun bli gjeve til dyr med utvikla drøvtyggjarfunksjon. Gradvis tilvenning er viktig.
For meir informasjon, kontakt kraftfôrkonsulent Siv Elin Andersbakken.