Kraftfôr
Prisane aukar på korn, feitt/oljer og proteinråvarer. I tillegg er det usikkerheit rundt avling og spekulasjonar i råvaremarknaden. Auka drivstoffprisar og høge energiprisar både i Noreg og resten av verda gjev oss stadig nye utfordringar.
Mølla har kronepåslag slik at vi ikkje aukar vår margin når prisane på kraftfôret aukar. Vi har låge marginar på våre kraftfôrblandingar.
For spørsmål om eksakt prisauke, ta kontakt med ein av våre kraftfôrkonsulentar.
Gjødsel
Krigen i Ukraina påverkar råvaretilgangen til produksjon av gjødsel. I tillegg gjev auka energi og fraktkostnader store utslag i produksjonskostnadene. Vi fekk den 11.mars varsel om at prisane på gjødsel inn til Mølla vart auka med frå 15 til 45 % med umiddelbar verknad. Det førte til at vi måtte auke prisane våre med verknad frå 14.mars.