Frå venstre: ordfører i Skjåk Edel Kveen, leiar i hovudvalet for samferdsel i Innlandet fylkeskommune Stein Tronsmoen, fylkespolitikar Turid Elise Kaus (Sp), ordfører i Lom Bjarne Eiolf Holø, dagleg leiar i Gode Vegar, Svein Sunde og dagleg leiar på mølla Nils Olav Fosstuen
Fleire politikarar var i dag samla på mølla for å bli orientert om korleis alle stengingane av rv 15 mellom Skjåk og Stryn får innvirkning på vår kvardag.
– Vi sender om lag 580 vogntog over Strynefjellet kvart år. Den mest hektiske tida er om vinteren. Da går det i gjennomsnitt tre vogntog over fjellet kvart einaste døgn. At fjellovergangen er stengt så ofte, resulterer i store konsekvensar for oss. Omkøyring via Romsdalen fører til enorme ekstrakostnader, og konkurrentane våre brukar fare for stengd veg som eit argument mot oss, seier dagleg leiar Nils Olav Fosstuen i ein artikkel i lokalavisa Fjuken. (link her, plussartikkel https://www.fjuken.no/Nyheiter/2020/05/20/%E2%80%93-Riksveg-15-er-livsviktig-for-Ottadalen-M%C3%B8lle-21882967.ece)
Etter møtet på mølla møtte dei andre politikarar og næringsdrivande frå Vestlandet på Grotli for vidare diskusjonar. Til slutt reiste dei på synfaring i tunnelane og såg kor vanskeleg og farleg dagens situasjon egentlig er.
Venting på at vegen skal opnast, ein situasjon som oppstår alt for ofte (foto: Geir Elling Nyland)