Det skal ihvertfall ikkje stå på utstyret for å få kjørt ut kraftfôr til kundane i Ottadalen framover heller. Vi har nå to like bulkbilar, båe to er Volvo FH 540. Den eine har Erik Brenden brukt i halvanna år, medan den nyaste vart teke i bruk her om dagen og sjåfør på den er Arnt Helge Kirkeby. Erik sin har seks tankar og kan laste ca 18 tonn medan Arnt Helge sin har fire tankar og kan laste ca 15 tonn.
Samtidig har vi pensjonert Scaniaen (bildet frå Sognefjellet øvst) etter 19 års trufast teneste for oss. Den vart kjøpt ny i 2002 og den fekk da påsett tanker frå 1994. Den hadde nå over 30 000 timar på timetelleren og kilometertelleren viste ca 600 000 km. Erik brukte denne i 10 år, deretter var Jon Bakken sjåfør i nokre år før Arnt Helge har kuska kraftfôr med den i 1,5 år i påvente av nybilen. Scaniaen har nok kjørt ut over 130 000 tonn med kraftfôr til svoltne dyr i Ottadalen og litt på Vestlandet.