• Hopp til hovedinnhold
  • Skip to header right navigation
  • Skip to site footer
Ottadalen Mølle

Ottadalen Mølle

Alltid der for deg

  • Finn din Norgesfôr-bedrift
    • Strand Unikorn
    • Hundseth Mølle
    • Hurum Mølle
    • Mysen Kornsilo og Mølle
    • Orkla Kornsilo og Mølne
    • Ottadalen Mølle
    • Vestfoldmøllene
    • Vinstra Bruk
    • Røv Mølle
    • Ringerikes Kornsilo
    • Til Norgesfôr
  • MENY
    • Produkter
      • Kraftfôr
      • Plantekultur
      • Butikk/Driftsmidler
    • Brosjyrer
      • Brosjyrer drøv
      • Brosjyrer fjørfe
      • Brosjyrer svin
      • Diverse brosjyrer
      • Brosjyrer Ottadalen Mølle
    • Om Ottadalen Mølle
      • Bestilling/Kontakt
      • Opningstider
      • Kontaktpersoner
      • Avdelingar
      • Generell info
      • Policy for bærekraftig forretningspraksis
      • Til Norgesfôr forhandlere
  • Min side
Du er her: Ottadalen Mølle → Arkiv → Gave til droneberedskap

Gave til droneberedskap

Aggregat til opplading av droner

23. mars 2021

Vi har gjeve Innlandet Droneberedskap eit aggregat som dei kan ha med seg på oppdrag så dei får lada opp dronene sine. Aggregatet er eit Briggs&Stratton P2200 til ein verdi av litt over 11000 kroner.

Innlandet Droneberedskap vart i november 2020 stifta av Morten Hammeren og Kjell Petter Syvergaard og er drifta av Vågå Røde Kors/Lom og Bøverdalen Røde Kors. Dei har båe den høgaste sertifiseringa som fins i Norge for dronepilotar. Dei har to droner av argaste slag, ei stasjonert i Vågå og ei i Lom. Prisen på ei slik drone er ca 300.000 kroner, så det er kostbare saker karane manøvrerer rundt i lufta.

Drone 2.jpg
Frå venstre dagleg leiar Nils Fosstuen, butikksjef i Lom Ole Ivar Kolden og dronepilot Morten Hammeren

Dronene skal i fyrste omgang brukast i operasjonar for å hjelpe lokalt politi/brannvesen og Hovedredningssentralen. Døme kan vera snøskred, leiteaksjonar, flaum, skogbrann og lignande. Karane er klare for oppgaver heile året, natt som dag.
Men dronene kan sjølvsagt også brukast til meir sivile oppgåver som for eksempel dokumentasjon av flaumskader og ikkje minst leiting etter bortkomne dyr etc. 

Dei to var også med og gjorde ein innsats med dronene under kvikkleireskredet i Gjerdrum i romjula.

Vi er glade for å kunne vere med og støtte dette viktige arbeidet, dronene er ei fantastisk stor hjelp i rednings/leitearbeid.

Drone 1.jpg
Det er skikkelege dimensjonar over drona med det passande navnet «Hugin»

Ottadalen Mølle

Bergomsvegen 49, 2686 Lom
61 21 18 20
post@ottadalen.norgesfor.no
Org.nr 913 980 484

Les om informasjonskapsler (cookies) og vår personvernerklæring her.

Ottadalen Mølle © 2023 · Designet og utviklet av Hamar Media AS. Beskyttet av reCAPTCHA og Googles personvern og vilkår.