La nitrogenfikserande bakterier hjelpe deg med å tilføre nitrogen!
Lufta er nitrogenkilden
Nitrogen er det viktigaste næringsstoffet for plantevekst og lufta er den største nitrogenkjelda, men plantene klarer ikkje å nytte nitrogengassen i lufta. Plantene kan berre ta opp bunde nitrogen i form av nitrat, ammoniakk, urea eller i organiske forbindelsar.
Nitrogenfiksering
Det er tre typer nitrogenfiksering: biologisk, fysisk via lyn, samt industrielt til kunstgjødsel. Ved biologisk nitrogenfiksering fanger bakterier nitrogen frå lufta og gjer det tilgjengelig for plantene.
Er det trygt?
Bruk av gjødselprodukt basert på frittlevande nitrogenfikserande bakterier er nytt, det er difor gjort ei risikovurdering og Azotobacter-slekta står nå på EU si positivliste. Vitenskapskomiteen for mattryggheit har vurdert at det er trygt å bruke Azotobacter-arter i Norge med hensyn på helse og miljø.
Vixeran
er eit biologisk nitrogenfikseringsprodukt, basert på ei anerkjent bakteriestamme av den frittlevande nitrogenfikserande endofytten Azotobacter salinestris CECT 9690 som er utvalgt for si gode evne til å kolonisere ulike planter og fiksere nitrogen i dei.
Lett å bruke
VIXERAN løysast i vatn og sprøytes på bladene av unge planter. Dosen er 5 g per dekar. Man kan bruke ei vanleg åkersprøyte og VIXERAN kan tankblandast med dei fleste plantevernmiddel og gjødselpreparat. I korn er det praktisk å blande Vixeran i sprøytetanken når ein sprøyter mot ugras/vekstregulering.
Tilfører plantene nitrogen
Erfaringer frå nordiske forsøk i korn viser at ei behandling med VIXERAN på unge kornplanter gjev ei avlingseffekt tilsvarande 3 kilo nitrogen per dekar. Foreløpige forsøk i gras ser òg lovande ut. Vi har òg gjort forsøk i fleire andre vekster, men her er erfaringsgrunnlaget førebels for lite til å kome med anbefalinger om kor mykje nitrogengjødsel ein kan spare ved å bruke VIXERAN.
Ei pakke VIXERAN (250g) er nok til 50 dekar og dei N-fikserande bakteriene vil tilføre kornplantene like mykje N som det er i ein storsekk med gjødsel.