I Vågå kunne ikkje han som opprinneleg fekk jobben ta den likevel, så nå er Mattias Steine frå Vågå tilsett som butikkmedarbeider der. Mattias er 27 år gammel og har dei siste åra arbeidd på glassfiberbedrifta Fyru på Otta. Han starter etter påske.
I Lom er Anna Haugen frå Lom tilsett som butikkmedarbeider. Anna er 21 år gammel og har dei tre siste åra arbeidd på Esso i Lom. Ho har toårig utdanning frå landbruksskule og tek til i jobben 6.mai. Det var 12 søkjarar på stillinga.
I tillegg skal Kjell Joar Bakke frå Vågå for tredje året på rad vera med oss frå etter påske og fram til november. Du finn han stort sett i dekkavdelinga, men han er ikkje redd for å ta eit tak i butikken og elles der det måtte vere behov.
Vi ynskjer alle tre velkomne på møllelaget!
Frå venstre Mattias, Anna og Kjell Joar (foto: privat)