Morten Schakenda meiner at baking er ein organisk prosess som vert påverka av mellom anna råvarene. Ved å bruke lokalprodusert mjøl, kan bakekvaliteten på mjølet endre seg frå år til år. Da må oppskriftene stadig justerast.
– Det vi vinn er eigenarten, det å kunne lage noko unikt kvar gong. Det kjennes godt å nesten peike borti lia på andre sida av dalen og kunne si at byggmjølet i dette brødet kjem frå ein stad som vi veit noko om.
– Det er ein kvalitet i sjølve historien. Vi trur også at brødet smakar litt annleis. Får vi tak i ein ost frå bygda som er god, er det ein kvalitet av same årsak. Eller det kan vere urter, salat eller skinke.